Viser innlegg med etiketten februar 11. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten februar 11. Vis alle innlegg

søndag 19. februar 2012

Åremålsdagen



Det har vore ein fin dag og eg har fått fine gåver.
Vasskokar.
Toalettmappe m/ bodylotion opp i.

Tastaturdock til nettbrettet mitt 
og eit futural til det same.





Trur nesten at eg har vore både snill og flink det siste året.

Tusen takk for fine gåver.









mandag 28. februar 2011

Rockehelg i Hovedbygda.

Ole og Freddy Mercury ved Folketeateret
(Gamle operaen)

Kjellis med same karen.

Torunn og Kjellis.

Sjøla i pausen på musikalen. 
I rockehumør.

Sceneteppet.

Ja, det var ein fin musikal og som vanleg er det ikkje lov å ta bileter under førestillinga.
Men i pausen foreviga vi litt minner.
Det var ein herleg kveld som vart avslutta på puben på Plaza.

Torbjørn.

Kjellis.

Torunn.

"We Will Rock You"









I helga var Ole, Tobjørn og eg i Oslo og såg denne rocke-musikalen til Queen.
Det var ei uforgløymeleg oppleving.
(Desse bileta har eg henta frå BA som var til stades på ei presse-framsyning.) 


søndag 27. februar 2011

Kinamat i Hovedbygda


Eg klarte meg fin med ein liten rett. 
To små vårrullar som eg klarte å ete opp...etterkvart


Enkelte skal ikkje gjere det på den lettaste måten, nei.


Linda tok oss med på ein vidunderleg flott kina-restaurant i Torggata.

Iskunst på Karl Johans gate.







Iskunst i anledning ski-vm inspirert av Edvard Munch sine bileter.

mandag 21. februar 2011

Tunika

Då har eg fått tunikaen og er lukkelegare enn kva bildet viser.
Den er kjempefin.
Tusen takk.

lørdag 19. februar 2011

Førtiåtte år

Åra dei går dei, og eg kan ikkje anna enn å fylgje med. Men eg har då oppdaga at dette er berre tal. Kanskje eg er midt i livet, men eg kjenner meg ikkje som middelaldrande. Tvert i mot eg har ikkje nådd fram der i heile teke.  Bursdagar er etterkvart vorte ein dag der eg fell litt i tankar om livet før og det eg har framføre meg. Trur eg rett og slett ser framover og der er det ingen ende, berre uendeleg med moglegheitar.
Har fått mange helsingar på sms, facebook og telefonar som har varma. Tusen takk. Takkar også for fine gåver. Det har vore ein fin dag.

Marius har teikna til meg.



Klokke og øyrepynt frå Ole.







Nydeleg garn og knappar frå Cecilie, Mads og ungane.
Dessutan har Nicholas teikna ein sjiraff med hjerter til meg.


Og denne tunikaen som mamma har strikka. 
Gleder meg til eg får den på måndag.

søndag 13. februar 2011

Vassenden




Det var vakkert i dag. Gjekk ei runde Holmen-Vassenden-Holmen i eit nydeleg vær. 

torsdag 10. februar 2011

Kontrastar

I dag ser det slik ut i hagen i Kvammen, Jølster, der eg bur.

Her har de hagen til opphavet i Svelgen også i dag.
Det er snakk om eit fylke med kontrastar.

tirsdag 8. februar 2011

Nok no!




Meiner det er nok snø no. Liker ikkje dette. Naboen har laga seg tømmeplass for for å få snøen vekk frå tuna og vegen. I dag er det målt 95 cm snødjupne på flatmark og det skal vekk ein gong også.