søndag 7. juni 2009

Avgangsklassen 1979 ved Vassenden skule

Laurdag 6. juni møttest vi for å markere at det var 30 år sidan vi gjekk ut av ungdomskulen.
Berre komitèen visst kva som skulle skje så vi andre var svært spente.Det var latter og livleg prat frå første stund og lydnivået var høgt når Ingrid skulle vise oss rundt på skulen og alt det nye som var komme. Dette var kjekkt for dei som er flytta ut og ikkje har vore her sidan 1979.
Etter dette var det å komme seg ombord i bussen og starte på vegen til der vi skulle.
Og vi hamna i Bygstad på Nysna Gard. Men først var det sightseeing på Dalsfjorden der ti av oss måtte ro Bygstadskipet. Eg slapp rimelig lett unna og prøvde til tider å rope taktfast, men det var lett å gløyme når ein skulle prate og få med seg alt rundt om. Det var mange som sette pris på at der også var ein påhengs slik at vi kom oss til lands igjen. Rett etter landing sette det til å blåse på fjorden og vi var nøgde med turen.
Då vi kom oppatt på garden var det meir pratt og såll, før vi gjekk ein natursti der oppgåvene var relatert til tidsrommet 1970-79. Der var det fire damer som slo til med briljant kunnskap og bomma berre på eit av 13 spørsmål.
Resten av kvelden gjekk alt for fort med ypperlig mat og drikke. Eit hyggeleg vertskap informerte om garden og maten vi fekk frå området rundt.
Forrett var kreps i lefse, hovedrett var kalv, urtepoteter, sopp og grønnsaker og desserten var fløytepudding med jordbær og rabarbra. Ei fantastisk kulinarisk oppleving.
Klokka 01.30 vart vi henta av buss og køyrt tryggt heim.
Eg takkar komitèen for eit framifrå opplegg og set att med eit lass med gode minner. For ein herleg gjeng vi er.

Ingen kommentarer: