søndag 4. juli 2010

Første dag på egotripp

Laurdag vart vogna hekta på bilen og Ole og eg var klar for ferietur austom fjella.
Avreise frå Sandane i 12-tida.

Vi bomma litt på ferjetida og måtte vente ein halvtime på Anda, 
men det var eit nydeleg ver og ikkje noko som hasta.

På Strynefjellet stoppa vi for ein matbit.


Det er mange år sidan vi har ete på rasteplass langs vegen og vi koste oss i det fine været.
Det bles litt, men det var slett ikkje kaldt.

Vi forlet eit vakkert Strynefjell.....

.....og dette skybruddet møtte oss på Kvam.
Men ved Hundorp lyste det opp att og vi kom til Skreia der Totenbygda viste seg frå si beste side. 
Sol og god varme.
Søndag reiste vi vidare til Bodung, Nes Kommune, og det har vore flott vær i heile dag. Varmt.

Ingen kommentarer: