søndag 23. september 2012

Fjelltrimpost Sundsstøylen









Ein vidunderleg tur i eit fantastisk vær til Sundsstøylen som er min sjuande fjelltrimpost i år og eg har nådd målet for ein liten premie. 
Eg har vore på Bakkestøylen, Varden, Sundestøylen, Fyglastøylen, Vasskaret, Hegnesnipa og Kyrkja. I tillegg til desse har eg vore på Kvamsfjellet og skreve meg i boka der. Gode opplevingar alt saman. Ser fram til neste år og nye turar i godt merkte løyper. Kven veit, kan hende det vert andre turar i fjella rundt her òg. 

Ingen kommentarer: