mandag 28. april 2014

Rauddalen, Rugsund i Bremanger

I lang tid no har eg ønskt å gå turar i ytre strok. Heimtraktene til mor si slekt har mykje flott turterreng og byr på flotte opplevingar. Søndag den 27. april sette eg meg i bilen og reiste til Nordfjordeid til søstra mi og svogeren min, Anne-Marit og Steinar. Vi reiste i Ålfoten og plukka opp broder Rune og køyrde til Rugsund. 
Rauddalen med Rauddalsvatnet var målet. 
Vi gjekk ein merka tursti frå Olsbø. Ein gammal seterveg med rås. Lett og fint terreng med ikkje alt for bratt stigning. Rart å tenkje på at her har oldemor mi sikkert gått til sætra.

Hornelen sett frå Mjånes.
Ja eg er veldig glad i denne klippa og har med bilete av den så ofte eg kan.
Har veldig lyst på toppen.

Rugsund Handelstad. 
Du kan lese meir om den HER






Særskilde formasjonar i fjellet.
også store årar av kvarts er godt synlege.


Vi hadde det ikkje travelt og tok oss god tid til drikke, prat og utsikt.




Sjøla med Hornelen i bakgrunnen.
Er det ikkje flott?

Rauddalsætra

Steinar er kokk og kokar vatn til suppe og toddy.

Det smakar fortreffeleg med Kyllingsuppe på fjellet.
Eg likar Toro.

Sjøla er riktig så førnøgd med livet. Rune ser ikkje ut som om han har det så verst han heller.

Steinar ser heim, eller fjella i alle fall.

Etter mat, drikke og kvile var det tid for tur heimatt.
Kan hende det vert ein tur til her, men då går vi til Davik.




2 kommentarer:

Rune Ripe sa...

Jau, det var ein kjempefin og koselig tur i godt selskap.

Trine Jaksland Graff sa...

Her så det flott ut. Nydelige bilder:-)