søndag 15. juni 2014

Fjelltrim, Østenstadstøylen.

Då er eg i gong med årets fjelltrim og det er alltid like moro å gå etter dei raude flotte merkene og vete at dei fører til ei fin oppleving.

Vegen til Østenstadstøylen er fin og lett å gå på ein gamal stølsveg.




Flagget, tanga og boka er på hjørnet av grunnmuren etter eit gammalt sel eller fjøs.









Det står att to sel som er restaurerte medan eit tredje, Flataselet, ramla saman for mange år sida.
Etter 1960 har det ikkje vore drift her i følgje boka "Støylar på Jølster, Ålhus sokn" av Kjell Råd.



Her ser vi i Kvammen og innover Vassenden og Jølstravatnet.


Ingen kommentarer: