onsdag 31. desember 2014

Året som gjekk

Då er vi komne fram til den siste dagen i 2014 og det er tid for refleksjonar. Dette har vore året som har gått opp og ned. Det har vore dagar der kropp og psyke ikkje har vore på lag i heile teke og dagar der utfordringane har vore lett å ta. Frå stunder under teppet på sofaen, til jubel og song på den høgaste fjelltopp. Jau, det har vore eit innhaldsrikt år.



Høgdepunkta har vore mange. Samvære med familie og slekt både her og der. Ferie med Ole og store musikalske opplevingar som Malakoff Rockfestival i år med mange store namn. Men dei største opplevingane var konsertane med Silya og ikkje minst Laila B. Band.






Tek med eit dikt som kan passe på ein dag som denne:

Din veg

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far

i aude fjell.
- Olav H. Hauge

Godt nytt år!





Ingen kommentarer: