tirsdag 29. november 2016

Framleis november


💗💗💗

Vi skriv endå november og gjeremåla fram til jul tek seg sakte opp. Nokre er ferdige med det meste og andre har ikkje byrja endå. Vi har kvar vore tradisjonar og grunnar til å førebu oss på ulikt vis.
Sjølv har eg erfart at tidleg start med små gjeremål gjer til at eg slepper å stresse meir enn naudsynt siste dagane. For mange av oss er stress øydeleggande, trøytnar oss ut og vi må fordele energien over fleire dagar. Difor pyntar eg litt etter litt fram mot jula og tek meg tid til å nyte adventen med strikking, hemmelegheiter og rein avslapping. Har to økter i veka til trening. Ei hos fysioterapeut og ei gruppetrening med instruktør på senteret. Har eg overskot vert det gjerne ein spasertur medan det er lyst. Her vert ikkje det nedvasking i skuffer og skap, tak og vegger. Baksten er hovedsakleg Ole sin jobb. Han lagar smultringar og kromkaker. Om eg får lyst kan det hende det vert ein eller to kakesortar, men eg tvinger meg ikkje. Det er så mykje godt å få kjøpt på konditori.

💗💗💗

Ingen kommentarer: