lørdag 23. desember 2017

Lisjejulafta

💗🌟💗



💗🌟💗

Dagen før dagen og førjulstida er snart over. Like vemodigt kvart år. Men eg gleder meg til ein fin kveld med mann, søner og nevø i morgon. I dag vert det lagt siste hand på julepyntinga. Treet skal pyntast og dukar skal på borda medan "Kvelden før kvelden" går på NRK1. Pinnekjøttet skal i vatn og ribba er på på plass i kjøleskåpet. Sjølv om regnet høljar ned som aldri før, kjenner eg på ei viss julestemning.
Ole skal berre jobbe ein dag i romjula så det vert deilig med litt normalt søvnmønster nokre døgn.
Ønsker alle ei fin lisjejulaft.

💗🌟💗

Ingen kommentarer: