16. oktober var ein dag eg gløymde å markere, så eg gjer det i dag. Eg har vore røykfri i 1 år og er rimelig kry av det. Etter å ha vore storrøykar i 25 år bestemte eg meg for å slutte pga. høgt blodtrykk og arvelig astma og KOLS i slekta. Blodtrykket er fint og trenger berre vanndrivande for å halde det nede. Maten smakar ekstra godt og dei yppige luftveis-infeksjonane er redusert til nesten ingenting når ein tenkjer på kor det var før. Den rivande røykhosten er heilt vekk og det er rolige morgoner utan opprensking av slim i luftvegane. Jau, det har berre vore gevinst og eg er lukkeleg for det.
7 kommentarer:
Hurra for fanteflinketanta!
Flott at du hiver deg med i ei sanselaus feiring. Slenger over ei grovskeve med kaviar :oD
Pøh!!!! Eg slutta når eg va 12!!!!!!! 42 år sia! :o/
Du må ta kvitost oppå kaviaren. Då blir det skikkelig feiring :-P GRATULERER! Du er skikkelig flink. All grunn til å være stolt
Kvitost på kaviaren? Trenger ikkje å ta heilt av då!
Godt jobba, vennen :-) Stolt av deg!
Kvitost på kaviar e no utprøvd. Godkjendt, men ingen topp tre favoritt. :o)
Legg inn en kommentar