Skal ein våge å tru på vår? Det ser spøkje ut.
I dag har eg sakte men sikkert gravd fram "micraen". Den har ikkje vore i bruk på nokre dagar og var noko neddynga av snøen som har komme.
Har gravd fram slik at eg kjem meg inn i bilen i morgon når eg skal til ergoterapeuten.
3 kommentarer:
Vår? I januar?!? Eh, det er nok litt i overkant optimistisk. Og lat for all del ungane behalde snøen nokre veker til, vi har jo ikkje rukke å skrapa opp akebretta ein gong enno!
Jaja, for ungane si skuld. men når mars er kommen finn eg fram hårfønaren og skal ha det snøfritt rundt meg!
Den er grei. Då skal eg heller grave fram min vesle blå hårføner, kjøpt på Nille for fleire år sidan, sannsynlegvis med eit lignande prosjekt i tankane, og komme opp i kvammen for å hjelpe deg.
Legg inn en kommentar