tirsdag 23. mars 2010

Som dagane går.


Korleis det går med meg? Venter på våren og tørre vegar og stieri skogog mark. Har no ein noko daud periode og det er på tide eg kjem meg i gong med både turar og symjing.
Etter at eg i lag med gruppa på psykoseutdanninga vart ferdig med gruppeoppgåva seig eg litt i hop og opplev no litt startvansker med andre ting. Får tru det går over. Det har no gått opp for meg at eg snart har fullført eit år med høgskuleutdanning. Tek eg eksamen får eg 60 vekttall eller studiepoeng. Er ikkje heilt sikker på kva eg vil.
No går eg i gang med ein 9 dagars fri frå jobben og skal nytte tida til litt ulikt. Strikking og spaserturar står som første prioritet.

2 kommentarer:

Mallemor sa...

Dåhar du vore flink...

Helen sa...

Takk skal du ha, søsta. Eg er litt stolt,ja.