
Det er siste halvdelen av mars månad og våren ser ut til å komme om ikkje så alt for lenge. Men brygga på Vassenden er litt tom, men det vert vel badeliv der i sommar.

Isen ligger på vatnet endå, men det er nok ikkje noko lurt og gå på den.

Dei fleste vegane er snøfrie og det er fint å gå opp sørsida av Jølstra frå Holmen til Vassenden og nedatt til Holmen.

I dag har eg hatt meg ein fin start på denne tursesongen og ser fram til mange mosjonsturar på fine vegar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar