lørdag 7. juli 2012

Min 3. post på fjelltrimmen










Det er mange år sidan eg har vore på Svidalstøylen og det har vore nokre missluka turar på bakglatte ski.
I dag bestemte eg meg for å nytte det fine været til å komme meg opp på "Kyrkja" eller "Kirka", 630 m.o.h. 







På veg nedover oppdaga eg denne karen som såg svært oppteken ut.


Gjekk opp skogsvegen frå Svidalen. Der den enda gjekk ein merka sti fram til støylen og vidare opp til varden. Godt merka men det hadde vore ein fordel med større merker så dei var lettare å få auge på. Enkelte stader såg eg ikkje neste merke og måtte gjette retninga. Men eg kom meg opp på 1t 35 min og slappa godt av på toppen. Det var ikkje nokon å sjå, men det var både Maraton i bygda og Festival i Førde så folk hadde vel anna å gjere på.
Dei einaste menneska eg traff på var Egil på veg til støylen med madrass på ryggen, ein villmann som heiter Bård på terrengsykkel og ein kar på tur med ein lite son og ein kvalp. 

Ingen kommentarer: