mandag 9. juli 2012

Risevatnet og Vasskaret








Er i Svelgen og besøker opphavet og nyttar fine været til og gå ein tur inn med idylliske Risevatnet. Det vart til at eg gjekk heilt inn i Vasskaret som utgjer 5 km fram frå bommen ved starten av vatnet. Så frå Øyratunet og tilbake vert det 11 km. Med pause var eg vekk 2 tima og 18 minutt. Det var bratt dei to siste kilometrane opp til innslaget til tunnelen der vatnet vert ført ned til stasjon 2 på kraftverket. Fann to turbøker der ein kunne føre seg inn. Ein ved 3,5 og ein ved 5 km. Førte meg inn i begge. Så har eg endeleg vore der. No er det Sandsegga som står på ønskelista når det gjelder turar i Svelgen. Det vert nok gjort det og, ein gong.

Ingen kommentarer: