søndag 24. februar 2013

Fottur i skiløypa

I det nydelege været som var i dag fekk eg lyst å komme meg opp i Gjesdalen. Jølster løypelag har køyrt opp løyper til skifolka og deler av den går fint an å gå til fots i så lenge sola ikkje står for hardt på. 
Eg køyrde opp til Jølster skisenter og parkerte i Holtane der eg gjekk innover løypa. Det var heilt perfekt å gå med broddar, men då eg tok av mot Gjesdalsstøylen var det ikkje fullt så hardtrakka, men det gjekk fint sidan det ikkje braut heilt gjennom. 
Eg gjekk inn slik at eg såg over mot støylen og fann då ut at det var dumt at trugene hang att på trappa heime og difor snudde eg. Neste gong skal dei vere med.


Skisenteret

Hjellbrekka og Fluge.

Vassenden og Jølstravatnet

Skiløypa innover Gjesdalsdalen.






Mot Gjesdalsstøylen



Gjesdalsstøylen

Inn mot Systestøylane.




















Ingen kommentarer: