søndag 3. februar 2013

"Kom deg ut"-dagen

Det er visst den store "kom deg ut"-dagen i dag og då var det berre å kle på seg å komme seg ut og opp. 
Turen gjekk opp skogsvegen der det er snø som rekker meg litt over anklane, men den var lett og fin og gå i. 
Gjekk litt igjennom skaren og det blei til at det vart ein treningstur sidan det vart litt tungt å gå. Men du verda for ein fin tur det var. På skosvegen såg eg berre spor etter hare, rev og hjort og eg var den einaste som har gått der etter snøfalla dei siste dagane. Det var så stillt og fint. Overskya, grått og små snøfnugg i lufta og det var ein leveleg temperatur.





Når eg kom opp til støylen var det full aktivitet i bakken og eg var ikkje lenger aleine om å komme meg ut.






Gjekk neatt Bjørkelia og heimatt langs fiskestien og forbi Kvamsbua der eg møtte på desse som kosa seg i Jølstra.

Ingen kommentarer: