torsdag 20. juni 2013

Fjelltrimposten på Ålhusstøylen

I dag vart eit møte avlyst så eg kom meg tidlegare avgarde på turen som var planlagd i finværet. Tok meg god tida og kosa meg i skog og mark, på skogsveg og sti og av til hengande etter ei grein eller buske for å dra meg opp der det var brattast. Men det var ikkje så ille. Har vore på turar som går meir rett opp heile tida. Noko skya i dag, men det vart ikkje kaldt før eg kom opp til støylen der det bles litt. Det var berre å kle på seg ulltrøya og vindjakka så hadde eg det fint. Eg var heilt aleine med unntak av nokre sauer og sat vel i tre kvarter og berre måpa. Flott utsikt frå benken som står ved selet til Kjellhild.
Godt merka løype gjorde turen til nok ei flott oppleving i fjella i Jølster.








Fornøgd fjelltrimmar.
(Fotograf: Skybert)

Her er sjøla i starten på måpinga. Som de ser er ikkje haka komt så langt ned endå,
 men tru meg den vart slapp, ja.

Kleberfossen



Ingen kommentarer: