tirsdag 25. juni 2013

Tysdagturgruppa i striregn

Målet i dag var eigentleg Bolsetnipa 1214 m.o.h. men det vart endra sidan det striregna i indre bygda i kveld. Vi tre som møtte opp bestemte oss for å ta ein alternativtur til Fossheimstøylen (Indre). Vi parkerte ned med Fossheim kraftverk og gjekk trøstig i veg medan praten gjekk laust. Når vi kjem opp forbi dammen og slutten på vegen er det laga til ein flott sti med steinar mesteparten av vegen. Den er kalla "Johannestrappa"etter Johannes Fossheim som har vore maskina bak denne. Flotte bruer er også laga der det er vanskeleg å krysse grovene. Her er det mykje godt arbeid og arbeidsgjengen skal ha skryt for dette.
Eg veit i alle fall det at denne turen skal eg ta om att i penare vær.
Bolsetnipa vert den første turen gruppa tek i hausthalvåret.








Ingen kommentarer: