lørdag 31. desember 2016

Nytt år


🎇🌟🎇🌟🎇

Så er den her, siste dagen i 2016. Dagen då ein gjerne set seg ned og reflekterer litt over året som har har vore. Det har vore eit greitt år. Mange flotte opplevingar og hendingar eg kunne vore foruten. 
I mai vart den raude fine bilen min påkøyrd ned i krysset her og vart kondemnert. Sjølv fekk eg ein sidesleng i nakken som har vore litt til plage av og til, men det kunne vore verre når ein tenkjer på det. Men, det hender at eg vert litt sint for at eg vart påført dette av tankeløysa til eit anna menneske. Det har også gjort meg litt meir skjerpa i trafikken for tanken på at eg kan skade andre skremmer meg. Eg fekk meg splitt ny bil etterkvart og den trivast eg godt med.




I mai melde eg meg på kurset "Vegen til golf" og fann ut at dette er ein fin aktivitet for meg når eg ikkje kjem meg på bratte fjellturar. I lag med andre glade golfdamer har eg invadert utslag og greenar med liv og lyst. Vi er ein gjeng som kalllar oss "Gladgolfdamer" som spelar i lag og utfordrar kvarandre på reglar og etikette. Vi lærer kvarandre opp i spelet. Av og til synst eg det er godt å gå aleine rundt å surre på bana. Det gjev meg ro i sjela. Men, mest moro er det å gå i lag med Ole som tålmodig lærer meg triks og knep og får meg til å ta nye utfordringar.




Musikkopplevingar har det også vore. 
Det store høgdepunktet var nok Iggy Pop på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Der var fleire gode opplevingar der, men at eg fekk røre så vidt bort i fingeren til dette ikonet av ein artist var toppen.


Iggy Pop


Ingrid Bjørnov og Øystein Sunde leverte varene i Førdehuset.


Eva & the Heartmaker på Jølstraholmen i sommar.



Silya & the Sailors på Førde Opp, Scandic Sunnfjord Hotell 
Sjølvsagt var eg der. Mitt yndlings fyrverkeri.
Ho leverer som alltid!



Comet Kid var også på Førde Opp.
Karar som veit å underhalde dette også.


Good Time Charlie på "Jazz på Jølst"
Var så heldig at eg fekk vere med på barnejazzen på laurdagen der. Flott oppleving dette også.



Så fekk eg oppleve Tore Renberg både litterært og musikalsk på "Jølstramuseet" i haust.
Sterkt møte som eg tek med meg vidare i livet. 
Den siste boka hans "Du er så lys" må berre lesast.



Det har vore så mange gode opplevingar dette året at eg får ikkje med meg alt. Det er flott med mobiltelefon og fotoapparat slik at ein får dokumentert alt det fine.



Risevatnet, Svelgen, med godt selskap.


På Gloppen camping med Krondiamantbrudlaupsparet.









Ein fin ferie der vi endeleg var på Røros og ein snartur til Trondheim.















Eg har ikkje noko nyårsforsett som skal brytast. Vil berre halde fram med det eg driver med og skal vere flinkare til å trene for å komme meg i siget til golfsesongen startar. Uthaldenheit og styrke er viktig for å halde smertene unna eller i alle fall lindre litt.


Vil med dette ynskje alle eit hentande flott 
2017
🎇🌟🎇🌟🎇

Ingen kommentarer: