fredag 30. desember 2016

Romjulstankar


💗💗💗

Sjølve julehelga er over og det har vore ei roleg og fin romjul. 1.juledag var vi fire som vanleg i Svelgen hos foreldra mine og kosa oss med julemiddagsrester og god stemning. Det stod bra til med opphavet. Heldige oss som har fått vore i lag alle denne jula også. Kan ikkje utrykke sterkt nok den gleda eg kjenner når eg er i lag med dei næraste og kjæraste eg har. 
Som skreve har det vore ei roleg jul og romjul. Det var meldt skikkeleg styggevær, men det nådde heldigvis ikkje oss her. Var skikkelig førebudd denne gongen med ved, stearinlys og vatn i bøtter og spann om straumen skulle fare. 
Huset er framleis julepynta og det skal det vere eit par veker endå. Så lenge det er det mørke og grå som dominerer ute skal det skinne i lys og gilde fargar i stova. Nyttar desse dagane til å lese og sjå litt film. Strikketøyet kan vente for eg har ikkje noko bestemt prosjekt føre meg endå. Hatt ferie frå trening også for å verkeleg kjenne på at ein ikkje har noko som skal skje fleire dagar i strekk. Trur ikkje det er livsfarleg å ta det heilt med ro når ein veit at det kjem dagar med aktivitet og mosjon etter dette.
Eg må innrømme at eg er ekspert på å stenge elendige nyhender ut av sinn og la verda skure å gå utan at eg engasjerer meg så mykje. Om eg lar all elendet gå inn over meg kan eg berre grave meg ned. Kan ikkje gjere så mykje med det. Gjer mitt beste ut av mitt eige liv og dagane som ligg framføre meg. Er menneska rundt meg fornøgde er eg også det. 
Musikkvideoen i dag er med Wham!, der nyss avlidne George Michael var medlem. Heltane frå min ungdom forsvinner ein etter ein, men det er så mykje bra musikk etter dei at eg kan fylle livet mitt med det.
Eg skal få mest mogleg kos og kvile ut av dei siste dagane av dette året.

💗💗💗


💗💗💗

Ingen kommentarer: