mandag 1. januar 2018

Året som gjekk


Ei roleg jul er over og det nye året er starta like roleg.
Det har vore eit fint 2017 når eg ser tilbake på alle dei fine opplevingane i lag med familie og vener.
Sjølv om det har vore dagar med smerte, utmatting, utredning og fortviling for å ikkje få ei forklaring på at allmentilstanden til tider er elendig, så har det stort sett vore mykje moro og leik.
Har ikkje noko støre planar for endringar i det nye året. Det vert ein sømlaus overgang der eg kjempar dei same gamle kampane og nyter dei gode opplevingane. Ser fram til at snøen forsvinn og varmen kjem. 
Nye rundar på golfbana i lag med fine folk der den største utfordringa er å gå ei betre runde enn den forrige. Om eg brukar to eller tre timar på ni hol bryr meg ikkje. Det er meistringa som gjev ei god kjensle.
Tilbake til 2017: Det vart eit år med mykje moro. Fann koden for å betre golfspelet og det vart meir moro å gå ut på bana aleine eller i lag med andre. Ferien starta med tur til Oppdal der vi leigde oss ei hytte og var eit par dagar. Ole prøvde golfbana og eg tykte det var heilt greit å gå i lag med han som moralsk støtte. Utfordrande bane. Vi var og såg oss rundt og fann eit museum med gamle bygg og kosa oss i solskinnet.
Etter det gjekk turen til Hell der vi overnatta før vi reiste til Trondheim og køyrde ombord i Hurtigruta M/S Finnmarken. Det vart ein uforgløymeleg tur til Svolvær med pent vær og vakker natur. 
To veker i Lofoten som eg aldri gløymer. Dagane var rike på opplevingar med små turar, sjåverde, fiske med båt, Lofoten Links golfbane og midnattsola på Eggum. Minner for livet.
Hausten var regnfull, men det var innslag av fint vær så ein fekk spele litt golf utpå, men eg tykte at mørketida kom fort og den var ekkel og våt. Men, kva gjorde når det når opplevingane stod i kø. Både musikalsk og litterært. Forestilling med Ingrid Bjørnovd og Øystein Sunde, Queen-show med Åge Sten Nilsen, konsert med Jan Ove Ottesen og Good Time Charlie. Julestemninga kom med Herborg Kråkevik og Odd Nordstoga. Bibliotekkonsert med Tom Roger Aadland er aldri feil. Forutan ein måndag i månaden på bilblioteket i Førde med "Strikk og Lytt" har eg vore på eit par tre bokbad med "Rom for ord" der ein får vete litt om forfattara og deira skriverier. Her vil eg nemne Håvard Rem som i lag med sonen Simen tok føre seg Cohen og Dylan si diktning på Jølstramuseet.
I tillegg til alt dette har eg hatt mange fine stunder med familie, slekt og vener. Mange fine samtalar over kaffekoppen med flotte mennesker eg er så heldig å kjenne.
Tusen hjarteleg takk for eit fint år. Ser fram til mange fine opplevingar i året som ligg framfor meg.






















































 









 



Ingen kommentarer: