lørdag 1. desember 2018

1.desember

💗💗💗

Då er det advent og tid for juleførbuingar.
Det er så kjekt med denne tida då ein kan fylle dei mørke kveldane med trivelig stemning og små hemmeligheitar i heimen. Hausten kan vere fin, men når ein kjem til november månad har eg ein tendens til å verte noko nedstemt. Då prøver eg å flyte på tanken om at det snart er desember og sola skal snu dette året også.
Eg er komt godt i gong med pynting av stova og set no og ser på stjernene i glasa og har kveikt mange lys. Det eg ser fram til no den første dagen i julemånaden er og vere saman med nokre ungar som gledar seg til at jula skal komme og vi skal gjere juleting i saman.
Ha ein fin første desemberdag.

💗💗💗


💗💗💗


💗💗💗

Ingen kommentarer: