søndag 26. april 2009

Frukost i det fri

Vi reiste til Sandane og Gloppen Camping på laurdag. Ole skulle spele litt golf, så då tok vi like godt og overnatta. Laurdagskvelden var det overskya, men opplett, så vi satt ute ei god stund. 
Sjølv vert eg alltid trøytt når eg er ved sjøen så det vart tidleg i seng på meg.
På søndag rakk vi ein sein lang frukost før regndråpane byrja å plage oss. Men det ga gode minner og meirsmak på campinglivet igjen.

1 kommentar:

Uglameg sa...

Høres kjempekoselig ut, gøy å ta ting sånn på sparket..:-)