fredag 17. mai 2013

17.mai


Sidan det var så pent vær i dag kledde vi oss opp og drog inn til Vassenden for å sjå på barnetoget.
Det bles godt, men vi fann ein vegg der det var litt lunare.


Som vanleg er flaggborga fremst i toget flott og sjå på. 
Etter den kom sjølvsagt Vassenden skulemusikk, barnehagane, skulen og midt i blant desse spela Jølster Musikklag. Ja, toget er så langt at ein har to korps slik at dei som går bakerst også kan marsjere i takt.


Sidan vi var pynta alle saman passa det fint med bilder.
Ein stolt far med søner.


Og ikkje mindre stolt står mora og blomstrar mellom praktkarane.


Stille på brua etter at toget var gått forbi.


Det  bles godt på Jølstravatnet i dag.


Men ein fin dag vart det i allefall.



Etter kaffe, kake, is og rømmegraut vart freistinga til ein tur i høgda stor nok til at eg kledde på meg turkleda og tok beina fatt oppover skogsvegen.


Eg havna på enden av vegen opp i Holtane.


Her ser ein innover Jølstravatnet like inn til Ålhus.


Og her ser ein Fluge og Hjellbrekke.

Ein verkeleg fin måte å feire nasjonaldagen på i dette fine veret.
Får tru pinsehelga vert like fin.

Ingen kommentarer: