mandag 20. mai 2013

På tur til Knutholmen, Kalvåg.

I går på 1.pinsedag tok Ole og eg turen til Svelgen for å ta med foreldra mine på den nye vegen, Bremanger II, som opna 16. mai. Det er laga tunnel frå Sørdalsvatnet i Ålfotdalen til Bortnen og har på denne måten korta vegen dit med omlag 40 minutter seier kjeldene mine. No er det fort gjort å komme seg til Hunskår t.d. der bestemor, mor til mamma, er fødd og oppvaksen. Ja, ho er fødd ved foten av Hornelen som er ei vidgjeten sjøklippe med særmerkt formasjon.
Hornelen frå Rugsundøyna

Hornelen frå Gloføykje, ein fin rasteplass på vegen til Bremangerlandet.

Mamma og Pappa i ein kort pause på same staden.

Ole beundrer vær og natur.

Kapellet på gravplassen på Hunskår.

Ole poserer ved eit gamalt anker av tre.

Gravsteinen til oldemor, Søgni Hunskår. 
Ho døydde då eg var tre månader.

Gardfjøsen der både oldemor og bestemor mi har mjelka nokre kyr.
Karane på garden var vekke storparten av året på fiske så difor var det kvinnene som tok seg av den daglege drifta og gjeremåla på dei små bruka ved kysten.

Mamma på gamle tomter i fotspora til formødrene sine.


Naustet til onkel Karl, bror til bestemor, Amalie Kristine.

Dette biletet er teke frå Oldeide der vi ser bort til Måløy og ferja som er på veg over.

Båthamna på Knutholmen, Kalvåg. 
Her er det restaurant og høve til overnattinger på sjøboder og i hus som ligger rundt hamna. 

Restauranten med flotte tilhøve både ute og inne.
Maten er for det meste vidunderleg sjømat, men har sjølvsagt litt anna og by på også. 
Kan anbefalast til kvardag og fest.

Her er det deling og smaking av skaldyrsfatet til Ole.

Ein vert mett og fornøgd i dette huset, ja.

På vegen tilbake stogga vi på Gloføykje for å nyte kaffe, kaker og det vakre været.

Etterkvart dukka det opp slekt og vener som hadde same tanken som oss og det vart nokre timar her på kvelden. Været som vi har vore velsigna med denne pinsa gjorde dagen til ei oppleving som eg vil leve lenge på. For å sei det slik så er det ikkje siste turen.

Ingen kommentarer: