mandag 25. august 2014

Bergstøylen

Etter å ha vore noko ut av drift nokre veker i tillegg til at været ikkje har vor noko særleg, var det endeleg tid for ein tur i fjellet. Godværet slo til og rastløysa tok fullstendig av så eg trassa meg avgarde med hælane mine til Fjelltrimpost nr. 2 på Bergsstøylen. gjekk opp frå Berg, Svidalen. Godt merka sti gjennom skogen til vi byrja på ein litt opparbeid skogsveg/kutråkk. Fint å gå, men noko vått enkelte stader etter dagesvis med nedbør. Men ein har då goretex.


Her ser ein over til Middagsfjellet, Holestøylen og Bakkestøylen på 
andre sida av Jølstravatnet.

Mot Gjesdalsdalen.


Inn mot Bergstøylane.

Ei skikkeleg utfordring for meg med balansering og 
pulsen var noko høg før eg sette føtene på første planken

Men jammen kom eg meg over utan noko problem.
Lett som berre det.















Eg er ikkje av dei som plukkar sopp, men tek gjerne bileter av fine eksemplar. 
Har ikkje funne ut kva desse heiter, men det kanskje noko som veit?

Ekornelius.

heilt utruleg at eg klarte å få så bra bilete av denne krabaten. 
Eg var så ivrig at eg kjende at eg rista. Gløymde å puste i iveren, 
men eg fekk to fine foto som eg er veldig stolt av.

Denne turen er verkeleg å  anbefale på ein fin dag. 
Eg brukte ein time og 20 minutt inn til støylen med drikke- og fotopauser i tillegg til at eg 
sat litt i lyngen og kosa meg med blåbæra. 
Hadde ikkje noko med meg heimatt.


Ingen kommentarer: