lørdag 6. juli 2013

Fjelltrim Veitebergsdalen

Endeleg ein sommardag igjen og turskoa kom på, fjelltrimkartet fram og ned i sekken. Bestemte meg for post nr.4 i Veitebergsdalen mot Skitnevatnet. Køyrde inn til Veiteberg og parkerte ned med vegen der det er kart og rasteplass og skiltet som opplyser om kor fjelltrimmen går. Sidan Micraen min har små hjul og er noko låg så tok eg beina fatt opp skogsvegen og det er flott å få varma seg opp litt der. Gjekk opp til Dammen og vidare innover skogsvegen og merka sti inn til Bakkestøylen. No er eg litt i tvil om kva den første støylen eg kjem til heiter, men Bakkestøylen ligger inst før Reinevatnet. Det er lett å gå og følgje stien inn til Bakkestøylen, men over myra var eg i tvil eit par gonger for det var litt langt mellom merkene og noko små. Men fram kom eg og klippetanga fekk eg bruke og ein vedunderleg tur har eg hatt i dag også.
Gleder meg til ny tur og ny oppleving ved neste høve.












2 kommentarer:

Rune Ripe sa...

Der var det jo vakkert. :-)

Rune Ripe sa...

Der var det jo vakkert. :-)